Vegen mellom Feios og Fresvik blir nattestengd på grunn av oppryddingsarbeid

Fylkesveg 5602 mellom Feios og Fresvik vert stengd natt til fredag.

DEL

Stenginga er ein del av oppryddinga etter raset som gjekk over vegen ved nyttårshelga. Vegarbeidet føregår ved Djupvik og nattestenginga varar frå torsdag 7. mai klokka 22.00 til fredag 8. mai klokka 06.00.

I ei pressemelding opplyser Vestland fylkeskommune at oppryddingsarbeidet er godt i gang og at oppryddinga skal vera ferdig innan utgangen av juni. Dei melder også at i løpet av arbeidsperioden vil bli behov for nattestenging, og nokre lengre stengingar på dagtid.

Utrykkingskøyretøy og rutegåande vert sleppt gjennom.

Det er Presis Vegdrift som utfører arbeidet på vegner av Vestland fylkeskommune.

Artikkeltags