Politi og ambulanse er på veg til trafikkulukke på E39 i Jølster, opplyser Vest politidistrikt på Twitter. Meldinga kom klokka 10.36 fredag.

Ein vegdirigent skal vera påkøyrd av ein bil med hengar. Vegen var først stengd på staden, men er no opna att. Politiet opplyser at skadeomfanget på dirigenten er ukjent, men at vedkomande skal vera ved medvit.