Gå til sidens hovedinnhold

Vegarbeid og venting fleire stader i Indre Sogn

Fodnestunnelen på strekninga Sogndal – Lærdal vert det manuell dirigering på grunn av vedlikehaldsarbeid onsdag og torsdag frå 18.00-06.00.

Vedlikehald

Juvik, på strekninga Vangsnes – Fresvik kan bli stengt i periodar på 30 minutt på grunn av vedlikehaldsarbeid. Dette gjeld måndag- fredag 08.00-19.00.

Frafjordtunnelen, på strekninga Arnafjorden – Vikøyri kan bli stengt i periodar på inntil 3 timar på grunn av vedlikehaldsarbeid i perioden: Måndag til Onsdag frå kl. 20.00-06.00. Torsdag vil tida vera 20.00- 03. 30.

Gamlevegen om E16 Stalheim – Nærøydalselva er stengt grunna fare for ras. Den er stengt til og med 01.01.2021.

Hol-Aurland

På strekninga Hol- Aurland ved Berdaltunnelen – Nesbøtunnelen er det meldt om manuell dirigering på grunn av vedlikehaldsarbeid i periodane måndag-fredag 07.00–19.00. I dette tidsrommet vert det kontinuerleg ledebilkøyring.

Måndag–torsdag 20.00- 06.00 vil det bli manuell dirigering av trafikk.

På same strekning er det bart og vått. Klokka 05.53 er det meldt om 4 grader, svak vind og opphaldsvêr.

Fjell

Filefjell er det bart og vått. Klokka 05.27 var det meldt 3 grader, svak vind og lettskya.

På strekninga Tyin- Årdal er det bart og vått, og 05.27 er det meldt om 4 grader, lett bris og lettskya.

Hemsedalsfjellet er det meldt 5 grader, frisk bris og lett regn.

Dirigering

På riksveg 5 ved Åsen, på strekninga mellom Fodnes og Lærdal vert det manuell dirigering på grunn av vedlikehaldsarbeid. Dette gjeld frå måndag 05- torsdag 10. oktober mellom 07.00-18.00.

På strekninga Voss-Lærdal vil det vera manuell dirigering, og periodevis stengt inntil 20 minutt på grunn av vedlikehaldsarbeid mellom måndag og fredag 07.00-17.00

Natvik, på strekninga Fodnes- Årdal kan bli stengt i periodar på intil ein time på grunn av vegarbeid. Dette gjeld frå måndag – laurdag 07.00- 19.00, med gjennomkøyring kvar heile- og halve klokketime. Søndagar er det fri ferdsel.

Kommentarer til denne saken