Fv 5627 Aurlandsfjellet er vinterstengt.

Fv 55 Sognefjellet er nattestengt mellom 20:00 og 08:00 kvar dag. Gjeld førebels fram til 15.12.2022.

Det er elles ikkje meldt om stengde vegar eller vanskelege køyreforhold på fjellovergangane til og frå Sogn.

Slik er stoda på vegane elles:

Aurland

E16 Jordalsnuten – Hagagrovi

Vegarbeid. Fartsgrense 50 km/t.

E16 Gudvangatunnelen – Flenjatunnelen

Vegarbeid mellom 20:00 og 06:00 måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag.

Manuell dirigering.

Kolonne går kvar heile klokketime frå Flåm-sida og kvar halve klokketime frå Gudvangen-sida. Det kan bli nokre forseinkingar på avgangane grunna tilpassing til rutegåande trafikk og utrykkingskøyretøy. Samkøyring med stenging i Stalheim- og Sivletunnelen.

Fv 50 Vassbygdi (bom) – Låvisberget

Vegarbeid mellom 13:00 og 20:00 måndag frå 21.11.2022. Gyldig mellom 08:00 og 20:00 tysdag og 08:00 og 14:00 onsdag. Manuell dirigering. Vent på følgjebil.

Fv 5627 Neset – Hopen

Vegarbeid med lysregulering.

Fv 5627 Sjukestova – Kvam

Vegarbeid. Vegen er stengt mellom 08:00 og 18:00 måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag frå 21.11.2022 til 23.12.2022.

Opent for passering klokka 10:00, 12:00, 14:00 og 16:00. Skulebuss og buss i rute får passera. Naudetatar kan passera på førespurnad.

Fv 5627 Hopen – Vangen kyrkje

Vegarbeid. Vegen er stengt. Skilta omkøyring.

Fv 5623 Gudvangen ferjekai – Bakkatunnelen

Vegarbeid mellom 07:00 og 19:00 måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag fram til 31.12.2022. Manuell dirigering og korte stopp.

Lærdal

E16 Seltatunnelen – Borgundstunnelen

Vegarbeid mellom 20:00 og 06:00 måndag, tysdag og onsdag. Gyldig mellom 20:00 og 03:30 torsdag.

Manuell dirigering. Vent på følgjebil. Utrykkingskøyretøy kan passera på signal frå dirigent.

Kolonne frå vest har avgang kvar heile og halve klokketime. Avgang frå aust kvart på og kvart over heil klokketime.

E16 Lærdalstunnelen

Vegarbeid mellom 21:00 og 06:00 måndag, tysdag, onsdag og torsdag frå 21.11.2022 til 03.12.2022. Manuell dirigering.

Rv 5 Håbakken – Nedre Eri

Vegarbeid mellom 07:00 og 19:00 måndag, tysdag, onsdag og torsdag og 07:00 og 15:00 torsdag. Arbeidet skal vara heilt fram til 30.06.2023.

Lysregulering.

Statens vegvesen skal halda ved like Fodnes ferjekai, og må difor stengja han onsdag kveld og delar av natt til torsdag.

Endra avgangar onsdag/torsdag

Arbeid mellom klokka 23.30 og 03.15.

Siste avgang Mannheller – Fodnes blir klokka 23.00. Dei som skal ta neste ferje klokka 00.00 tek då ferje til Lærdal.

Siste avgang Fodnes – Mannheller blir klokka 23.30. Dei som skal ta neste ferje må ta ferje frå Lærdal klokka 00.45.

Mannheller – Lærdal klokka 00.00

Lærdal – Manheller klokka 00.45

Mannheller – Lærdal klokka 01.30

Lærdal – Manheller klokka 02.15

Ordinær rute Mannheller – Fodnes frå klokka 03.00.

Luster

Fv 55 Herva bru – Herva (Sognefjellet)

Vegarbeid med lysregulering

Fv 5641 Båskanovi – 5641 Gjøhellermyr

Vegarbeid. Vegen er stengt mellom 22:30 og 06:30 måndag, tysdag onsdag, torsdag og søndag fram til 09.12.2022.

07:00 til 09:00: Kortare stengingsperiodar på 10 minuttar.

09:00 til 15:00: Opning kvar heile time.

15:00 til 17:00: Kortare stengingsperiodar på 10 minuttar.

17:00 til 19:00: Opning kvar heile time.

Sogndal

Rv 5 Kaupangerskogen – Vekti

Vegarbeid mellom 07:00 og 18:00 måndag, tysdag, onsdag og torsdag fram til 23.12.2022.

Kan bli stengt i om lag 15 minuttar på grunn av sprengingsarbeid.

Rv 5 Hove, i retning Jølster

Vegarbeid. Vegen er stengt mellom 07:00 og 21:00 måndag, tysdag onsdag, torsdag og fredag fram til 30.12.2022. Lokal omkøyringsveg mot vest via Fjøravegen.

Rv 5 Kjøsnestunnelen – Støylsnestunnelen

Vegarbeid mellom 18:00 og 06:00 måndag tysdag, onsdag og torsdag frå 21.11.2022 til 25.11.2022.

Manuell dirigering. Vent på følgjebil. Det kan bli forseinkingar.

Ventetid inntil ein halvtime frå 18:00 til 20:00, og inntil ein time frå 20:00 til 06:00. Gjennomkøyring kvar heile time frå Sogndal-sida. og kvar halve time frå Skei-sida.

Ved Kjøsnestunnelen er det også meldt om glatt veg i morgontimane tysdag. Vegvesenet ber bilistar vera OBS rundt tunnelmunningane.

Rv 5 Frudalstunnelen

Vegarbeid mellom 08:00 og 18:00 måndag, tysdag, onsdag og torsdag og frå 08:00 til 15:00 fredag frå 21.11.2022 til 25.11.2022.

Manuell dirigering. Vent på følgjebil. Ventetid inntil 30 minuttar.

Rv 13 Bondeviki – Fardal

Vegarbeid. Stengt inntil 15 minuttar ved sprenging måndag til onsdag 07:00 til 19:00. Torsdag 07:00 til 16:00. Lysregulering heile døgnet.

Fv 5613 Hausa – Hausagjelet, i retning Sogndal

Vegarbeid, vegen er stengt fram til 22. desember. Omkøyring via rv 5.

Vik

Rv 13 Tverrelvi – Nipgrovi

Vegarbeid mellom 07:00 og 19:00 kvar dag fram til 22.12.2022.

Manuell dirigering.

Stengt inntil to timar. Gjennomkøyring klokka 09:10 til 09:20, 11:00 til 11:10, 13:00 til 13:10, 15:00 til 15:10 og 17:00 til 17:10.

Naudetatar og buss i rute får passera. I partalsveker er det arbeid måndag til torsdag klokka 07:00 til 19:00 og fredag klokka 07:00 til 15:30. I oddetalsveker er det arbeid måndag til søndag frå klokka 07:00 til 19:00.

Rv 13 Storehaugtunnelen

Vegarbeid mellom 22:00 og 06:00 måndag, tysdag, torsdag og fredag fram til 23.11.2022.

Manuell dirigering. Vent på følgjebil.

Fv 5602 Feiosdalen – Feios

Vegarbeid. Vegen er stengt mellom 08:00 og 18:00 måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag fram til 08.12.2022.

Årdal

Fv 53 Naustbukttunnelen – Kolnostunnelen

Rørleg vegarbeid mellom 07:00 og 19:00 måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag fram til 25.11.2022.

Ventetid inntil 15 minuttar. Utrykkingskøyretøy under utrykking kan passera. Det blir teke omsyn til morgon- og ettermiddagsrush.

Fv 53 Lindegjel – Kolnostunnelen

Vegarbeid mellom 08:00 og 15:00 måndag, tysdag, onsdag, torsdag og fredag frå 22.11.2022 til 02.12.2022. Manuell dirigering.

Fv 5633 Seimsdalstunnelen

Vegarbeid mellom 07:00 og 12:00 måndag, tysdag, onsdag, torsdag, fredag og laurdag fram til 22.12.2022. Kan bli venting inntil 15 minuttar.

Sjå fleire vegmeldingar her: vegvesen.no