Vegarbeid fleire stader. Her må du belaga deg på å venta litt i dag

DEL

Måndag blir det vegarbeid fleire stader i regionen og trafikantane må belaga seg på litt ventetid.

E16 Lærdalstunnelen

Det er tunnelvask i verdas lengste. Tunnelen kan bli stengd i periodar på inntil ein halv time. Arbeidet skjer heile døgnet fram til fredag morgon klokka 07.00. Det blir manuell dirigering.

E16 Borlaugkrysset

Kan bli stengt i inntil 15 minutt på grunn av vegarbeid. Utrykkingskøyretøy og rutegåande trafikk kan passera.

Fylkesveg 55 i Balestrand

Det går føre seg vegarbeid i Lånefjorden i tidsrommet 08.00 til 20.00. Vegen kan bli stengd i korte periodar.

Fylkesveg 5602 Vangsnes – Fresvik

Kan bli stengd i periodar på inntil 30 minutt på grunn av vegarbeid mellom klokka 07.00 og 19.00. Arbeidet vli går føre seg ut juni månad.

Artikkeltags