Gå til sidens hovedinnhold

Vegarbeid dreg ut på morgonkvisten – opning av vegen er forseinka

På rv. 13 i Myrkdalen blir det opning for fri ferdsel først klokka 7 i dag.

Vegtrafikksentralen Vest tvitrar litt over klokka 6 at det blir manuell dirigering for personbilar ein time lenger enn planlagt. Det er vegarbeid ved Myrkdalen på rv. 13 over Vikafjellet, og vegen skulle ha opna for fri ferdsel klokka 6, men Vegtrafikksentralen melder altså at opninga først blir om lag klokka 7. For tyngre køyretøy er det heilt stengt fram til vegen opnar.

Les også

Asfalt skal gjera riksvegen tryggare fram til eit meir omfattande arbeid kan starta

Kommentarer til denne saken