Det melder Sogndal kommune torsdag.

Kommunen skriv at i oppfylgingsprøvane teke gjennom helga var det ingen påviste bakteriar, men kontrollprøvar onsdag viste framleis forureining. Kommunen reknar difor med at forureininga ikkje er borte, og set no i gang tiltak for rens og vidare vern av bassenget.

Det blir teke fortløpande prøvar, og drikkevatnet kan friskmeldast når det føreligg to etterfylgjande reine prøvar frå utvalde punkt i området. Fram til då held kokvarslet fram. Me beklager ulempene dette fører med seg, skriv kommunen på nettsida.

Kokevarselet vart sendt ut 10. september då det var funne intestinale enterokokkar i ei vassprøve frå høgdebassenget på Stedje. Det vart sendt varsel til alle abonnentar som er forsynte frå Stedje høgdebasseng.