Abonnentar på Leikanger er utan vatn.

– Deler av bygda er utan vatn på grunn av ein teknisk feil. Det gjeld dei som får vatn frå høgdebassenget. Kommunen jobbar med saka, skriv Sogndal kommune på si heimeside.

Sogn Avis var klokka 10.30 i kontakt med teknisk vakt i kommunen. Han opplyste at vatnet snart er attende. Pumpene har ikkje samarbeidd denne maimorgonen, og det gjer at dei som bur øvst i bygda ikkje har fått vatn i springen.