Vart svindla av syster - får erstatning frå staten

Publisert 09.10.2019 kl. 08.33. Oppdatert kl. 08.57.

Systra underslo nesten 600.000 kroner frå kontoen hans. Ho har vorte dømd til å betala tilbake summen, men det er lite truleg at ho er i stand til gjera dette, skriv Nrk.


Kvinna vart dømd i juni


Mannen frå Årdal får no nær 500.000 kroner i erstatning frå staten.


Han har psykisk utviklingshemming og ei av systerene var oppnemnd som verje for mannen. I perioden 2010 til 2016 underslo kvinna 598.000 kroner frå broren sin konto.


Fylkesmannen vart varsla av kommunen i 2013, men lite vart gjort før saka vart meldt til politiet, skriv Nrk.


- Når Staten no er villig til å rydde opp, så har det enorm betydning for han og den situasjonen han er i, seier mannen sin advokat, Anette Stegagjerdet Nordberg til Nrk.


 


Les meir om: Nyhende Notis