Vart stoppa med bunadsko på taket i Sogndal

Publisert 16.05.2019 kl. 17.25. Oppdatert kl. 17.48.

Under ein åtferdskontroll i Sogndal i dag, torsdag, stansa Utrykningspolitiet sju sjåførarar.


Fem sjåførar fekk bot på grunn av bruk av mobiltelefon medan dei køyrte bil.


Ein person fekk bot på grunn av manglande bruk av bilbelte.


Ei dame vart stoppa av politiet på grunn av at ho køyrde med eit par bunadssko på taket. Ho slapp bot, men vart råda til å ta skoa inn i bilen.


 


Les meir om: Nyhende Notis Trafikk