Jostein Avdem Fretland fekk Furorestipendet på 50.000 kroner av Laila Ruud frå Sparebanken Sogn og Fjordane. (Foto: Privat)

Vart overraska med gåvesjekk på 50.000 kroner

Jostein Avdem Fretland (27) frå Lærdal fekk Furorestipendet frå Sparebankstiftinga.

Publisert 14.09.2017 kl. 19.42. Oppdatert kl. 19.47.
- Eg hadde på inga måte venta dette då det er mange søkjarar det står mellom, så dette var kjekt, seier han.
 
27-åringen er komponist og forfattar som har produsert både poesi, sakprosa, elektronisk musikk, roman, teater og opera.
 
- Me gler oss til å høyre og lese meir frå Jostein framover, seier Laila Ruud i Sparebanken Sogn og Fjordane.
 
Ho fekk æra av å dele ut stipendet til Avdem Fretland onsdag ettermiddag.
 
- Eg visste ingenting. Foreldra til kona mi insisterte på at me skulle koma på middag på Klingenberg Hotell. Eg tenkte at det var god mat, seier Avdem Fretland, som vart overraska med ein sjekk på 50.000 kroner.
 
- Eg har alltid drøymt om å få ein sånn stor sjekk, som dei har på film, seier han og ler.
 

Imponert jury

Furorestipendet blir delt ut til talent i eller frå Sogn og Fjordane i alderen 15-30 år innanfor tre kategoriar: kultur, idrett og open klasse. Storleiken på stipenda varierer frå 25.000 til 100.000 kroner. 
 
Her er grunngjevinga frå juryen:
 
«Jostein Avdem Fretland frå Lærdal er 27 år og ein godt vaksen mann i mange sine auge. Men å modnast som komponist og forfattar tar i dei aller fleste tilfelle lengre tid, så i denne samanhengen er Jostein nærast purung å rekne. Dermed er det desto meir imponerande å sjå at han allereie beherskar ei rekkje format, og har produsert både poesi, sakprosa, elektronisk musikk, roman, teater og opera».
 
«Vanlegvis beløner juryen kandidatar for å spisse satsingane sine mot konkrete ferdigheiter, men i Jostein sitt tilfelle er det nettopp det at han flyt så fritt og saumlaust mellom ulike ytringsformer som gjer han til ein særleg spanande kunstnar. Juryen ser difor med forventning fram til hans neste uttrykk, om det blir musikk, teater, litteratur - eller ein blanding av uttrykksformer. Juryen er uansett sikker på at vi får høyre meir frå Jostein framover, og ønskjer lukke til vidare». 
 

Mange prosjekt

Pengegåva frå banken kjem godt med for den ambisiøse 27-åringen.
 
- I søknaden min skisserte eg eit par ulike prosjekt eg vil jobba med. Det får eg no moglegheit til, seier Avdem Fretland som også jobbar med å omsetja den italienske operaen <> til nynorsk. 
 
- I tillegg vil eg prøve å komponere ein del kormusikk framover. Eg tenkjer kanskje å få til konsert på stavkyrkja på sikt.

Les meir om: Nyhende Kultur Lærdal