Natt til tysdag heldt Vegvesenet kontroll av hovudsakleg tunge køyretøy, men også eit lett køyretøy. Her er kontrollørane sin kommentar:

12 køyretøy var innom kontrollplassen for vurdering, av desse vart nokre plukka ut for nærmare kontroll med fyljande resultat:

– Ein førar fekk 6000,- i gebyr då han køyrde med tre dekk, der mønsteret var under lovleg minimum.

– Ein førar fekk 2000,- i gebyr då han køyrde med eitt dekk, der mønsteret var under lovleg minimum.

– Eit vogntog fekk bruksforbod grunna overlast. Transportføretaket fekk 2900,- i overlastgebyr.

– Eit vogntog fekk bruksforbod grunna overlast. Transportføretaket fekk 8750,- i overlastgebyr.

– To førarar fekk 500,- i gebyr for manglande vognkort.

– Eit transportføretak fekk 8000,- i gebyr, då det ikkje var avtale på bombrikka som var i bilen.

– Det vart skreve teknisk mangel på ein tilhengjar som mangla baklys.

– Det vart bruksforbod på ein tilhengjar med skade som gjorde at skarp stålkant stakk inn i vegen. Tilhengjaren fekk og teknisk mangel på lys.

– Eit vogntog som frakta farleg gods, hadde ikkje med seg godkjende brannsløkkarar.

– Eit vogntog fekk bruksforbod, lasta var for dårleg sikra.

– Ein personbil som ikkje hadde godkjent PKK (EU kontroll) vart avregistrert på staden.