Varslar svært høg vasstand: Ekstremvêret Elsa er på veg

VARSEL OM SVÆRT HØG VASSTAND: Ekstremvêret Elsa gir høg vasstand på Sør- og Vestlandet i starten av veka.

VARSEL OM SVÆRT HØG VASSTAND: Ekstremvêret Elsa gir høg vasstand på Sør- og Vestlandet i starten av veka. Foto:

Meteorologisk institutt melder om svært høg vasstand, på orange nivå, måndag.

DEL

Varselet gjeld for Vestland og det er venta svært høg vasstand frå Sørlandet til Troms og Finnmark måndag og tysdag. Årsaka er høgt astronomisk tidevatn i kombinasjon med verknader frå vêret, melder meteorologisk institutt.

Høgt tidevatn

Den høge vasstanden er ein kombinasjon av høgt tidevatn og oppstuving av vatn som følgje av vind mot kysten, melder meteorologisk institutt. Vasstanden er venta å vera høgst natt til tysdag.

Natt til tysdag er det moglegheit for ekstremt høg vasstand, estimert 80-85 centimeter over høgda oppgitt i tidevasstabellane.

Vasstanden er venta å vera høgast natt til tysdag og for strekninga Åna-Sira til Stadt.

Konsekvensar er oversvømmelsar fleire stader og fare for moderate øydeleggingar på infrastruktur og bygningar i strandsona.

Sikra lause gjenstandar

Meteorologisk institutt tilrår å sjekka fortøyingar på båtar og å sikra lause gjenstandar inne i naust og i strandsona.

Det er ventet svært høy vannstand fra Sørlandet til Troms og Finnmark mandag og tirsdag i neste uke. Årsaken er høyt astronomisk tidevann i kombinasjon med værets virkning.

Sjå met.no for meir informasjon og oppdateringar.

Artikkeltags