Varslar snø: - Best å utsetja reisa

SNØ: Det er snø over Sognefjellet i morgontimane torsdag

SNØ: Det er snø over Sognefjellet i morgontimane torsdag Foto:

Det kan bli glatt på vegane for den som skal ut og køyra i høgda.

DEL

Utover torsdagen kan sludd og nysnø gjera at det blir glatte køyreforhold på fjellovergangane over 1100 meter, melder Meteorologisk institutt på Twitter.

Opp til ti centimeter snø kan det komma, truleg mest over Sogefjellet.

- Bruk riktige dekk og køyre etter forholda, er den klare oppmodinga. Farevarselet gjeld ein del av fjellovergangane i Sør-Noreg, så som Sognefjellet og elles Strynefjellet, Dovrefjell og Hardangervidda.

- Dersom ein ikkje er absolutt nøydd til å køyra over fjellovergangane, bør ein vurdera å utsetja turen, seier Eirik Rystad Skånøy,trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen til NRK.

Truleg vert det noko mildare utover fredagen, noko som gjer at snøgrensa vert ein del høgare.
- Då blir det ikkje noko problem å køyra over fjellovergangane, seier Skånøy.

TURTAGRØ: Slik ser det ut ved bommen over Turtagrø torsdag morgon.

TURTAGRØ: Slik ser det ut ved bommen over Turtagrø torsdag morgon. Foto:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken