Gå til sidens hovedinnhold

Varslar om stor snøskredfare

NVE har sendt ut eit varsel om stor snøskredfare (faregrad 4) for torsdag 18. februar for regionane Voss, Hardanger, Indre Sogn og Indre Fjordane.

Også Vest politidistrikt minner om farevarsla som er sende ut. Det er omfattande ustabile forhold, og stor fare for at det blir utløyst skred.

Varsom.no melder at det er krevande forhold der vinden flyttar snø, og ferske fokksnølag på vedvarande svake lag vil vera svært lette å løysa ut.

Les også

– No må ein vera superforsiktig

Kommentarer til denne saken