REGN: Slik ser det ut i Vestredalen mellom Aurland og Hol onsdag morgon. (Skjermbilete frå Vegvesenet)

Varierande forhold på fjellovergangane - oversikt

Publisert 09.10.2019 kl. 06.55.

Mellom Aurland og Hol er det bart og snølaps. Klokka 5.50 var det minus 1 grad, lett bris og lette snøbyger.


På Vikafjellet er det bart. Klokka 5.00 var det 2 grader, laber bris og lett regn.


På Tyin er det snø-og isdekke. Klokka 5.40 var det minus 2 grader, lett bris og lett snø.


På Filefjell er det stort sett bart. Klokka 5.35 var det minus 1 grad, lett bris og lett snø.


På Hemsedalsfjellet er det bart og vått, med fare for glatte parti. Klokka 5.50 var det minus 3 grader, laber brid og lette snøbyger.


På Strynefjelet er det bart og vått, men det er fare for glatteparti i partia som er dekka av skugge. Klokka 5.30 var det minus 1 grad, sør-austleg svak vind og skya opphaldsver.


Les meir om: Nyhende Notis Trafikk