Sigmund Hauglum var innom fabrikken laurdag kveld.

– Eg såg vatn og gjørme seig innover i lokalet i 21-tida, seier Hauglum, som sjekka forholda på utsida.

Eit mindre jordras og varn eit knekt drensrøyr på toppen, tok vegen nedover mot hjørnesteinsbedrifta i Fresvik.

Flaks

– Eg fekk hjelp av nevø Oddbjørn Hauglum som også jobbar her. Me heldt på å demma opp for vatnet til halv to søndag natt. Innsatsen bidrog til at me unngjekk skader på inventar og utstyr. Eit tynt sjikt og opp mot fem centimeter var alt som la seg på ein mindre dele produksjonshallen og pakkeavdelinga, seier Hauglum.

Takstmann er venta til Fresvik Produkt tysdag og får kjapt eit overblikk av det som kunne blitt langt verre av skadeomfang.

– Me hadde flaks at Sigmund var innom for å sjekka straumtilførselen som var vekke ei stund. Vanlegvis er her ikkje folk frå fredag ettermiddag til måndag klokka 06, seier direktør Gyda Bøtun.

Herleg innsats

Sjefen er glad for innsatsen sist helg.

– Det vart levert ein kjempeinnsats av tilsette og bygdefolk over fem strake timar søndag. Når me kom på jobb i dag, fanst ikkje spor etter vatnet som trengde seg inn. Den lojaliteten som ein opplever når det gjeld Fresvik Produkt, er godt å kjenna på.

– Situasjonen kunne vore ein heilt annan då me kom på jobb i dag tidleg, seier Gyda Bøtun.