I 2019 tok Jon-Hermann Hegg EM-gull og verdsrekord med lagkompisane, og EM-bronse individuelt. No siktar skyttaren mot OL.

Med seg i satsinga til Tokyo-OL neste sommar får 21-åringen Furorestipendet på 50.000 kroner. Gåva fekk han då Laila Ruud, Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef i Indre Sogn, kom på overraskingsbesøk heime i Borgund sist helg, kjem det frå i ei pressemelding frå banken.

Heime på helgetur

– Eg var ein liten helgetur heime saman med eit par andre som skulle på jakt, og blei overraska av Laila som kom med sjekken. Eg hadde ingen mistanke, og eg blei positivt overraska. Det var veldig gøy, uttaler Jon Hermann Hegg i pressemeldinga.

– Det er ei veldig fin overrasking å få tildelt stipendet. I ein slik idrett, som har store utgifter og lite inntekter, er eg avhengig av økonomisk støtte. Dette kjem veldig godt med vidare i satsinga. Ein litt letta følelse.

Hegg bur for tida på Borgen ved Kløfta.

Verdsrekord, gull og bronse i senior-debuten

Trass sin unge alder, har Hegg allereie tatt ei rekkje internasjonale medaljar. Hans største bragd til no er det som skjedde i Bologna i Italia i fjor. Då vart han som junior utteken til EM i Pistol og Rifle for seniorar, og saman med lagkameratane Simon Claussen og Henrik Grimsrud tok dei både gull og verdsrekord i øvinga 50 meter heilmatch.

I den individuelle konkurransen i same øving klinka Hegg til med bronse.

– EM var eit mål for meg førre sesong, junior vel å merka. Å skyta i senior-EM var ekstra stas. Å ta verdsrekorden i lagskyting var veldig gøy, og gav oss ein god lagfølelse, seier Hegg om laggullet.

I den individuelle konkurransen sto bronsekampen mellom Hegg og lagkompisen Simon Claussen.

– Å ta bronsen var ein stor opptur for meg, og noko som eg tar med meg vidare i treningsarbeidet. Og eg er stolt over å vera første med individuell medalje på 28 år, seier han og siktar til at førre gong ein norsk herreskyttar tok EM-medalje i øvinga var i 1991.

Satsar mot OL

I tillegg til den harde satsinga mot OL, studerer Hegg anvendt datateknologi på deltid ved OsloMet.

– Fram til OL er det samling tre dagar i veka saman med dei andre på elitelandslaget. I tillegg er det ein del konkurransar og eventuell reising utanlands, så langt korona gjer det mogleg, for å sanka erfaringar. Den førebelse treningsplanen inneheld opp mot 30 timar i veka, forklarer Hegg.

21-åringen seier at pengane han no har fått skal vera med å finansiere nytt utstyr, i tillegg til påmelding og reising til inn- og utland. Banksjef Laila Ruud, seier på vegner av juryen at denne tildelinga er fullt fortent.

– At Jon-Hermann tok to medaljar i senior-EM som junior seier det meste. Me er utruleg imponert over det han har fått til, og det var veldig kjekt å overraska han heime i Borgund med denne gåva. Me gler oss veldig til å følgja Jon-Hermann vidare, og me ønsker han all mogleg lukke til fram mot OL til sommaren, seier Ruud.

Furorestipendet

Furorestipendet er Sparebanken Sogn og Fjordane sitt personlege stipend til framifrå ungdom (15-30 år) i kategoriane kultur, idrett og «open klasse».

Midlane kjem frå overskotet til banken som Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane forvaltar. Dei siste åra har det blitt delt ut åtte stipend kvart år, som alle har ein verdi på 50 000 kroner.

Juryen for Furorestipendet har bestått av Stig Roger Eide, Trude Skarvatun, Torill Faleide, Terje Lyngstad og Pål Fidjestøl.