Den mellombelse væpninga skal tryggja gjennomføringa av ulike arrangement på nasjonaldagen.
− 17. mai er ein dag som samlar det meste av befolkninga i Noreg til ulike arrangement. Sidan markeringane vil gå føre seg spreidd over heile landet, er det vedteke å sikra ein einskapleg praksis for beredskapen til politiet denne dagen, seier politidirektør Benedicte Bjørnland.
Ho understrekar at det ikkje er nokon endringar i trusselbiletet i Noreg.
− Sjølv om det ikkje ligg føre ein konkret trussel, vurderer me betydninga av hurtigheit i responsen frå politiet som viktig for å sikra ein best mogleg beredskap, seier politidirektøren.
Det blir ifølgje Politidirektoratet lagt opp til at væpninga ikkje skal vera meir synleg eller i eit større omfang enn det som blir vurdert som nødvendig.
Innsatspersonell som jobbar i tilknyting til barnetoget vil vera væpna, men det er opp til kvar enkelt politimeister å gjennomføra ei lokal vurdering og prioritering rundt bruken av innsatspersonell i dette arbeidet, heiter det i ei pressemelding frå Politidirektoratet.