Væpna aksjon mot bustadhus i Øvre Årdal

VÆPNA AKSJON: Politiet gjekk til væpna aksjon etter melding om kulehol i eit vindauge på eit bustadhus i Øvre Årdal.

VÆPNA AKSJON: Politiet gjekk til væpna aksjon etter melding om kulehol i eit vindauge på eit bustadhus i Øvre Årdal. Foto:

Fekk melding om funn av kulehol.

DEL

Politiet har søndag kveld hatt ein væpna aksjon mot eit bustadhus i Øvre Årdal, etter melding om funn av kulehol i eit vindauge, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Politiet har kontroll på det dei meiner er gjerningsmannen, og ingen skal vera fysisk skadde, opplyser politiet. Dei jobbar no på staden med avhøyr.

– Klokka 18.16 fekk politiet melding frå ein bebuar som hadde oppdaga fleire kulehol i eit vindauge i nabohuset. Det vart sendt ut mannskap frå Årdal og Sogndal. Politiet fekk raskt kontroll på rett gjerningsmann. Ingen skal ha blitt direkte truga, men dette er ei dramatisk melding for politiet å få, og dramatisk for dei som opplever det, seier operasjoneleiar Eivind Hellesund ved Vest politidistrikt.

Det skal ikkje vera nokon relasjon mellom gjerningsmann og dei som bur i det aktuelle huset.

Politiet er førebels ikkje kjend med kva det er blitt skote med.

Artikkeltags