KOLONNEKØYRING: Det kan bli kolonnekøyring på deg i dag viss du skal over Hemsedalsfjellet.

Vanskelege køyreforhold på Hemsedalsfjellet

Publisert 11.01.2019 kl. 06.29.

På Hemsedalsfjellet kan kolonnekøyring innførast på kort varsel i dag. Vegbana er glatt og dekka av is og snø. Det er frisk bris og yr.


På Filefjell og Tyin er det sterk kuling. På Filefjell er vegbana dekka av is med bare parti. Det er opphaldsver og temperaturen er -1 grad.


Mellom Tyin og Årdal er det delvis redusert sikt. Temperaturen er -2 grader og det er lett snø. Vegbana har snø- og isdekke.


Hol - Aurland har stiv kuling og opphaldsver. Det er vekslande bart og isdekke og temperaturen er -2 grader.


På Vikafjellet er vegbana dekka av is og snø. Det er lett bris og opphaldsver. Temperaturen er -1 grad.


Mellom Billingen og Ospeli er det fare for glatte parti. Det er fare for å treffe på elg. Temperaturen er -3 grader, og det er vestlig liten kuling, overskya og middels snø.


Utvikfjellet er bart og vått.


 


Les meir om: Nyhende Notis Trafikk

Siste saker Gå til framsida