Madelen Fosse Skagen, Ingeborg Indrehus og Sara-Sofie Africa Hegg frå Vik gjekk inn til ein sterk bronsemedalje under fredagens stafett på Liatoppen Skiskyttarfestival. (Foto: Kåre Espeland)

Vann bronse i verdas største skiskytterfestival

Madelen Fosse Skagen, Ingeborg Indrehus og Sara-Sofie Africa Hegg frå Vik gjekk inn til ein sterk bronsemedalje under fredagens stafett på Liatoppen Skiskyttarfestival.

Publisert 13.04.2018 kl. 22.56. Oppdatert kl. 22.59.

Liatoppen Skiskyttarfestival er den årlege avslutninga på vintersesongen for skiskyttarar frå heile landet. Dette er verdas største skiskyttarrrangement med over 1100 detlakarar.


Vik IL skiskyting har med 24 løparar frå nybyrjarklassen til og med 16-årsklassen.


Fredag var det stafett som stod på programmet, og jentene i klasse 11-12 år gjekk seg inn til ein sterk tredjeplass.


- Dette var kjekt. Det var litt hardt å gå, men morosamt. Eg trudde ikkje det skulle gå så bra, seier Madelen Fosse Skagen.


Jentene klarde seg med ein strafferunde på dei totalt tre skytingane dei hadde. Fosse Hagen hadde også beste etappetid av samtlege i denne klassen.


Les meir om: Sport Skiskyting Vik