GREI GJENNOMGANG: Jan Tore Slinde og Syril grisebanka Årdal heile 6-1 i treningskampen torsdag kveld. (arkivfoto)

Valsa over årdøler

Syril slo Årdal FK 6-1 i treningskamp torsdag kveld.

Publisert 22.03.2019 kl. 06.54.

Årdal FK og trenar Ivan Øy fekk det tøft då dei fòr på Systrond for å spela treningskamp torsdag kveld.

Det enda nemleg med 6-1-tap for Syril, som rykka opp til kretsligaen i fjor haust og er klare for sin første sesong på dette nivået på ein del år.

Syriltrenar Jan Tore Slinde, på si side, fekk ein grei start på helga.

- Mykje positivt i dag, men framleis mykje å jobba med. Elles ein grei gjennomføring, er oppsummeringa.

STOR JOBB: Årdal FK har framleis mykje å jobba med fram mot seriestart. (Foto: Årdal FK)

Litt stressa

- Det var ei god gjennomkøyring. Eg tykkjer me er gode på å halda planen og gjera det som er avtalt. Me stressar kanskje litt i førsteomgang, men det kjem seg utover i andre, seier han. 

Grunna skader hadde systrendingane lånt med seg to spelarar frå Fjøra

Måla til Syril vart skåra av Helge Gjerde Eggum (2), Sondre Skjerven (2), Brage Navarsete Asperanden og Espen Hickman.

Målet til Årdal vart skåra av Stian Laberg på stillinga 6-0.

- Dette var svakt av oss. Me har mykje å jobba vidare med, seier årdaltrenar Ivan Øy.


Les meir om: Sport Fotball