GÅR NED I LØN: Fredag vart det klart at Jenny Følling likevel ikkje får 1,3 millionar i løn som varaordførar i nye Sunnfjord kommune. (Arkivfoto)

Jenny Følling går ned i løn

Påtroppande Sunnfjord-ordførar Olve Grotle (H) kalla inn til pressemøte fredag.

Publisert 13.09.2019 kl. 13.04.

Torsdag vart det kjend at varaordførar i nye Sunnfjord kommune, Jenny Følling (Sp) ville få 1,3 millionar i løn.


Det har fått mange til å reagera.


Fredag ettermiddag kalla påtroppande Sunnfjord-ordførar Olve Grotle inn til pressemøte. Der kom det fram at Følling går ned i løn.


Den nye løna vil verta 945.000 kroner, skriv Nrk. Det er venta at Følling får rundt 100.000 kroner i godtgjerdsle frå verv i fylkestinget, der ho er valt inn. Dette vil verta frådrag på løna ho for frå Sunnfjord kommune.


Les meir om: Nyhende Politikk