Desse skal sitja i Vestland sitt første fylkesting

65 representantar skal ta plass i nye Vestland fylkesting.

Publisert 14.09.2019 kl. 20.48.

Dei skal møtast for første gong 15. oktober i Håkonshallen i Bergen.


Her er alle representantane frå dei ulike partia.


Arbeidarpartiet 14 mandat


1 Anne Gine Hestetun


2 Arve Helle (Sogn og Fjordane)


3 Jannicke Bergesen Clarke


4 Emil Gadolin


5 Karianne Torvanger (Sogn og Fjordane)


6 Stian Jean Opedal Davies


7 Kine Bratli Dale


8 Torbjørn Vereide (Sogn og Fjordane)


9 Nina Bognøy


10 Rasmus Laupsa Rasmussen


11 Linda Monsen Merkesdal


12 Per Jarle Valvatne


13 Senea Sabanovic (Sogn og Fjordane)


14 Kjell Gitton Håland


 


Høgre 12 mandat


1 Silja Ekeland Bjørkly


2 Noralv Distad (Sogn og Fjordane)


3 Svein Kolbein Halleraker


4 Dan Stian Femoen


5 Hanne Eva Husebø Kristensen


6 John Andre Kongsvik


7 June Vibecke Knudtsen Indrevik


8 Jana Midelfart Hoff


9 Sonja Merethe Øvre-Flo (Sogn og Fjordane)


10 Karl Vågstøl


11 Lise-May Sæle (Sogn og Fjordane)


12 Gunnar Moland


 


Senterpartiet 10 mandat


1 Jon Askeland


2 Jenny Ellaug Følling (Sogn og Fjordane)


3 Aleksander Øren Heen (Sogn og Fjordane)


4 Sigrid Brattabø Handegard


5 Hilde Horpen (Sogn og Fjordane)


6 Alexander Fosse Andersen


7 Sigurd Erlend Reksnes (Sogn og Fjordane)


8 Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim


9 Gunn Åmdal Mongstad


10 Lars Fjeldstad


 


Folkeaksjonen Nei til mer bompenger 6 mandat


1 Trym H. Aafløy


2 Knut Inge Andersen


3 Morten Klementsen


4 Odd Erik Lind


5 Nils Haugland


6 Hege N. Dale


 


Framstegspartiet 6 mandat:


1 Terje Søviknes


2 Sigbjørn Framnes


3 Helge Stormoen


4 Rosalind Fosse


5 Frank Willy Pedersen Djuvik (Sogn og Fjordane)


6 Bjarte Vatnøy


 


Miljøpartiet Dei Grøne 5 mandat:


1 Natalia Antonia Golis


2 Mark Taylor (Sogn og Fjordane)


3 Pauline Tomren


4 Mona Høgli


5 Øyvind Strømmen


 


SV - Sosialistisk Venstreparti 4 mandat


1 Marthe Hammer


2 Åsmund Berthelsen (Sogn og Fjordane)


3 Symphorien Pombe


4 Marianne Sæhle


 


Kristeleg Folkeparti 3 mandat


1 Trude Brosvik (Sogn og Fjordane)


2 Tor André Ljosland


3 Kristina Vaktskjold Hamre


 


Venstre 2 mandat


1 Alfred Bjørlo (Sogn og Fjordane)


2 Gunhild Berge Stang (Sogn og Fjordane)


 


Raudt 2 mandat


1 Jeanette Onarheim Syversen


2 Terje Kollbotn


 


Pensjonistpartiet 1 mandat


1 Kurt Johnny Hæggernæs


Endring i rekkefølgja

For å gjera endringar i personrekkefølgja krevst det at minst åtte prosent av veljarane har gjort det same. Det har medført at Geir Kjell Andersland, Bergen, (V) fall frå 2. til 3. plass og ut av fylkestinget.


Alfred Bjørlo frå Stad fekk 1611 personstemmer og inntok 1. plassen på lista til Venstre. Toppkandidaten Gunhild Berge Stang, Fjaler, vart flytta frå 1. til 2. plass. Desse to skal representera Venstre i fylkestinget.


Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) gjorde også eit godt val. Ho fekk 4037 personstemmer og rykker opp frå 3. til 2. plass på lista. På bompengelista rykker Trym Aafløy opp frå 3. til 1 plass med 3670 personstemmer. Elles kjem representantane inn i den rekkefølgja dei vart nominert.


Fekk flest personstemmer

Fylkespolitikar og ordførar i Os, Terje Søviknes, er den meste populære politikaren i det nye fylkestinget med heile 7447 personstemmer. Også fylkesordførar Anne Gine Hestetun (A) er populær med 6482 personstemmer. Den nye fylkesordføraren, Jon Askeland (Sp) fekk 4713 personstemmer.


Elles fordelar personstemmene seg slik på dei ulike partia: Jenny Følling (SP): 4037, Trym Aafløy (FNMB): 3670, Silja Ekeland Bjørkly (H): 3614, Marthe Hammer (SV): 2235, Natalia Golis (MDG): 2078, Trude Brosvik (KrF): 1855, Alfred Bjørlo (V): 1611 og, Jeanette Onarheim Syversen (Raudt): 1227.


Godt frammøte

Totalt var det levert 315 131 stemmer ved fylkestingvalet i Vestland. Dette er eit frammøte på 63,7 prosent. 116 198 var førehandsstemmer, 4489 var blanke og 260 vart forkasta.


Onsdag 18. september kl. 10.00 skal fylkesvalstyret ta stilling til valoppgjeret, som skal bli endeleg godkjent når fylkestinget møter til konstituering 15. og 16. oktober.


Les meir om: Nyhende Politikk