Vaksne ungar kniva på isen: – Meir konkurranseinstinkt enn ferdigheit

Video: Gunnar Kleven

I helga var det god stemning for både små og store på isbana i Vik.

DEL

– Me vann ein dag og tapte den andre. Den dagen det var mest prestisje tapte me, det var forferdeleg irriterande, seier Robert Hovland.

Han og ein gjeng vikjer samla seg både fredag og laurdag for å spela ishockey.

Lite fortrinn

Hovland har hatt delar av barndomen sin i Oslo, og har truleg meir skeiseerfaring enn dei andre vikjene.

– Eg har kanskje eit lite fortrinn, men eg skal ikkje seia at eg er eit vedunderbarn.

Men sjølv med eit lite fortrinn vart det ikkje siger den dagen det gjaldt, noko som kjem til å plaga han på jobb den komande veka.

– Rektor Jarle Christensen og Bernt Gunnar Skogsrud, som er lærar på skulen, var på motstandarlaget. Eg trur aldri eg har høyrt rektor jubla so mykje før. Dette kjem eg til å høyra i fleire dagar på jobb, seier skuleinspektør Hovland, som nok kunne tenkt seg eit par dagar på heimekontor.

Er det mykje konkurranseinstinkt ute å går om kveldane?

Det er nok meir konkurranseinstinkt enn ferdigheit, seier han og ler litt.

Fantastisk is

Hovland skryt voldsomt av dugnadsgjengen som har stelt i stand anlegget.

– Det har vore enorm aktivitet på isen. Som inspektør og lærar har me brukt isen masse i skulesamanheng.

Men også utanfor skuletid myldrar det av folk på isen.

– Eg trur eg aldri har sett so mange ungar på ein plass når det er frie aktivitetar før. No som det ikkje er organiserte aktivitetar er det fint at folk kjem seg ut. Det er ei fin avveksling.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken