(AVISA HORDALAND:) Odin Rong Dyrdal køyrer motocross saman med broren Ådne og er heilt klar om korleis motocross skal vera. Det skal ikkje berre gå fort, det skal òg sjå tøft ut.
På førpremieren i Voss kino kom dei medverkande i serien med vener og familie. No kan du også sjå serien hjå Sogn Avis.
– Målet er mellom anna å syna at miljøet handlar om meir enn motor, det er ein lidenskap som handlar vel så mykje om venskap og samhald, seier serieskapar og regissør, Solgunn Flatebø Mandelid.
Dei har ein ting felles - kjærleiken for motor
I fire episodar på 6-8 minutt, får me vera med fire ungdomar som køyrer UTV, den godt vaksne gjengen i motorsykkelklubben Nostalgia, to brør som køyrer motocross, og Anja Øyeflaten som bokstaveleg tala er vaksen opp på panseret til veteranbilen ho køyrer, ein Chevrolet Chevelle 1969-modell.
Flatebø Mandelid byrja å jobba med serien ved påsketider i år. Sist laurdag var det førpremiere på Voss kino med dei medverkande og deira vener og familie.
Traktorlappen
Elise Håvik Sunde, Bente Sørlie Vines, Kåre Magnus Tvedt og Birk Ravn er 16 år. Dei har traktorlappen og køyrer alle UTV.
Nokon vil ikkje snakka med oss fordi me er jenter som driv med ein motoraktivitet, men det bryr me oss ikkje mykje om
Bente Sørlie Vines (16)
Kanskje Full Tank med oss kan inspirera fleire jenter til å byrja
Elise Håvik Sunde
Ynskjer å inspirera fleire jenter
Elise Håvik Sunde, Bente Sørlie Vines, Kåre Magnus Tvedt og Birk Ravn er 16 år. Dei køyrer alle UTV, som du kan køyra frå du er 16 år om du har traktorsertifikat. I episoden med dei, fylgjer me dei når dei køyrer rundt på Vangen, eller står saman ved Amfi og pratar om alt mogleg.
– Det er ikkje så mange jenter som køyrer UTV, men kanskje episoden med oss kan inspirera fleire jenter til å byrja med dette, for det er frykteleg moro. Me treng fleire jenter, fortel Elise.
– Nokon vil ikkje snakka med oss fordi me er jenter som driv med ein motoraktivitet, men det bryr me oss ikkje mykje om. Det hender me får kjeft frå folk som tykkjer det bråkar av oss, men me bråkar jo ikkje så mykje som til dømes nokre av mopedane som køyrer rundt på Vangen, seier Bente.
Vaksne karar
Motorsykkelklubben Nostalgia består av ein gjeng godt vaksne menn.
Eg kan ikkje hugsa at me har hatt ein einaste alvorleg krangel i gjengen på desse åra
Kjell Hefte etter tretti år på vegen saman
Brillefint
Knut Mestad og MC-gjengen kunne sjå seg sjølve på kinolerretet.
Vener sidan ungdomen
Motorsykkelklubben Nostalgia består av ein gjeng godt vaksne menn. Kjell Hefte (64), Kjetil Tøn (58), Knut Mestad (60) og Ove Sævig (55) har hengt saman og drive med motorsykkel sidan ungdomen. Dei møtast jamleg for å snakka, skru på motorsyklane sine og køyra turar saman.
– Det at me framleis gjer dette etter meir enn tretti år, seier mykje om kva dette faktisk handlar om. Me er minst like gode vener no som då me starta med dette. Eg kan ikkje hugsa at me har hatt ein einaste alvorleg krangel i gjengen på desse åra. At Hordaland ville laga ein episode i denne serien med oss, var veldig kjekt, seier Kjell.
Motorbrør
Brørne Odin (24) og Ådne Rong Dyrdal (18) byrja begge å køyra motocross i femårsalderen.
Me køyrer mykje saman, men det er òg konkurranse mellom oss
Ådne om broren Odin
Brørne kom til premierefesten saman.
Fort og tøft
Motocrossmiljøet på Voss er stort. Brørne Odin (24) og Ådne Rong Dyrdal (18) byrja begge å køyra i femårsalderen. I episoden med dei, får me sjå mange spektakulære køyrescener på motocrossbanen på Voss. Men me får òg sjå venskapen mellom brørne som er så lidenskapeleg opptekne av sporten sin. Odin er leiar for motocrossklubben på Voss som har ikkje mindre enn 140 medlemmar.
– Det er veldig kjekt at me to brørne held på med den same idretten. Me køyrer mykje saman, men det er òg konkurranse mellom oss, fortel Ådne.
– Det var spennande å vera med på serien. Men det var litt rart å få masse instruksar frå Solgunn då me gjorde opptaka. Me fekk sjå at det er mykje arbeid som ligg bak nokre minutt ferdig program, seier Odin.
Panserjente
Anja Øyeflaten er vaksen opp på panseret til veteranbilen ho køyrer, ein Chevrolet Chevelle 1969-modell.
Då eg var lita var eg med pappa rundt med Chevroleten, så eg er kjenslemessig nært knytt til han
Anja Øyeflaten
Ho hadde med seg pappa og ektemann på premieren.
Filmen vart eit nostalgisk attsyn med Chevroleten for Anja.
Fleire generasjonar
Anja Øyeflaten (33) er bokstaveleg tala vaksen opp på panseret til veteranbilen ho køyrer, ein Chevrolet Chevelle 1969-modell.
– Då eg var lita var eg med pappa rundt med Chevroleten. Eg er no tredje generasjon som køyrer bilen, så eg er kjenslemessig nært knytt til den. Eg kjenner ein eigen ro når eg køyrer denne bilen på tur. Eg skrur jo litt sjølv, men det hender bilen stoppar, slik den gjorde då me gjorde opptaka til episoden. Då er det kjekt å ha ein motorkyndig ektemann som kan få i gang igjen gamlebilen, seier Anja.
Faren ho snakkar om er Odd Terje Øyeflaten (61) og ektemannen heiter Kenneth Askeland (31).
Lidenskapen frå faren
For journalist Solgunn Flatebø Mandelid (22), som står bak utvikling og sjølve produksjonen av serien, er ikkje motorinteresse ukjend territorium.
– Eg er oppvaksen med ein far som er lidenskapeleg oppteken av veteranbilar og har på bakgrunn av det erfart at det ikkje berre er motor og eksos som er tingen. Samstundes som serien er med å belysa interessa som ligg til grunn har visjonen heile tida vore å fremja at det handlar vel så mykje om unike venskap og samhald, forklarar ho.
Flatebø Mandelid fortel at det har vore svært gjevande å få moglegheita til å utvikla og produsera Full Tank.
– Fasen frå utvikling til ferdig klipp har teke nokre månadar, så no vert det spennande å sjå korleis serien vert motteken, seier serieskaparen.
Inspirasjonskjelde
Serieskapar Solgunn Flatebø Mandelid (22) er inspirert av sin eigen far Edmund Mandelid (56).
Snurr film
Solgunn og redaktøren sat som tende ljos gjennom heile filmen.
Tank for turen
No er ho og redaktør Aaen Torpe spente på korleis publikum vil ta imot nyskapninga Full Tank.
Spinn avgarde
Sundag børnar Full Tank ut på landevegen i Hordaland si nettavis.