BLI SITJANDE: Skulle du køyra deg fast under kolonnekøyringa, så bli sitjande i bilen. Brøytemannskapa veit at du er der. (Foto: Colurbox-Tryg Forsikring)

Uvêr i fjellet - slik køyrer du kolonne

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farenivå for heile fjellet i Sør-Noreg på grunn av vanskelege køyreforhold.

Publisert 14.01.2019 kl. 11.54.

Midt på dag måndag, var det innført kolonnekøyring på dei aller fleste overgangane som ikkje er stengde.


Bu deg

For mange kan kolonnekøyring både vera nytt og ikkje minst litt skremmande.


- Det er ikkje triveleg å hamne i bilkø når snøfokket står utanfor, men kolonnekøyring blir innført først og fremst av omsyn til tryggleiken, seier Espen Opedal, sjef i Tryg Forsikring i ei pressemelding.


Kor mange som får vera med i kvar kolonne, er avgrensa til kor mange redningsmannskapa har kapasitet til å berga ut om det skulle skje noko.


Drivstoff, mat og klede

Det er viktig å ta nokre forholdsreglar dersom du veit at det er fare for å hamna i kø for kolonnekøyring.


Ha godt med mat og varme klede liggjande i bilen, ha nok drivstoff eller straum og sørg for at bilen er godt nok skodd for vinteren.


Brøytemannskap kan avvisa trafikantar som dei trur vil få problem.


- Vêret på fjellet kan få frå sol til snødrev på få minutt. Blir det kolonnekøyring må ein vere budd på ventetid før ein kjem med, i verste fall kan du bli ståande i fleire timar, seier Opedal.


Stressande

Har du aldri opplevd kolonnekøyring før, kan du som sjåfør oppleva det som litt stressande.


Ein av dei viktigaste oppgåvene for deg som sjåfør er å sørgje for å sjå og bli sett, samt at du må følgja tempoet som brøytebilen bestemmer.


Det betyr at du skal køyra med naudblink og ha kaldluft på frontvindauget for å unngå at snø blir til is og kladdar til vindaugsviskarane.


Viktig

- Spesielt når det er snøfokk og minusgrader er det viktig å ha kaldluft mot frontruta. Med varmluft kan snø bli til is som igjen kan kladde til både frontruta og vindaugsviskarane. Skulle det bli stans i kolonnen, må du ikkje gå ut av bilen. Det har hendt at folk har blitt påkøyrde i kolonnekøyring, seier Opedal.


Det vil alltid vera ein brøyte- eller ledebil framfor og bak kolonnen og desse er i kontakt med kvarandre. Køyrer du deg fast, så bli sitjande i bilen. Brøytemannskapa veit at du er der.


Les meir om: Nyhende