Uvêret herjar i fjellet – fleire fjellovergangar stengde

Hemsedalsfjellet måndag morgon.

Hemsedalsfjellet måndag morgon. Foto:

Det ver framleis trøbbel på tre fjellovergangar.

DEL

Her er den siste oppdateringa frå Vegtrafikksentralen måndag morgon.

E16 Filefjell

Snø og isdekke, somme stader redusert sikt. Klokka 05.30 var det -3 grader, laber bris og snøbyer.

Riksveg 7 Hardangervidda

Stengt på grunn av uvêr. Ny vurdering måndag klokka 12.00.

13 Vikafjellet

Stengt på grunn av uvêr. Blir ikkje opna i dag.

Riksveg 15 Strynefjellet

Stort sett snø og isdekke. Fare for glatte parti og redusert sikt på grunn av snøfokk. Fare for elg. Klokka 05.55 var det -3 grader, svak vind og middels snøbyer.

Riksveg 52 Hemsedalsfjellet

Snø og isdekke. Somme stader redusert sikt på grunn av snøfokk. Klokka 05.55 var det v-2 grader, liten kuling og lette snøbyer.

Fylkesveg 50 Hol-Aurland

Stengt på grunn av uvêr. Opnar ikkje måndag.

Fylkesveg 53 Årdal-Tyin

Snø og isdekke. Klokka 05.30 var det -3 grader, laber bris og middels snøbyer. Kan bli stengt på kort varsel



Artikkeltags