Uvêret er på retur, men ein fjellovergang er stengd

FINE FORHOLD: Slik var det på Filefjellet ved Smedalen måndag morgon.

FINE FORHOLD: Slik var det på Filefjellet ved Smedalen måndag morgon. Foto:

DEL

Her er dei dei siste meldingane frå Statens vegvesen måndag morgon.

E16 Filefjell

Vekslande mellom berr køyrebane og snødekke. Klokka 05.20 var det minus 3 grader, lett bris og klart.

Riksveg 13 Vikafjellet

Snø og isdekke. Klokka 05.50 var det minus 4 grader, lett bris og opphaldsvêr.

Riksveg 15 Strynefjellet

Vekslande snø- og isdekke. Vanskelege køyreforhold og redusert sikt på grunn av sterk vind og snøfokk. Klokka 05.30 var det minus 7 grader, vestleg laber bris og middels snø.

Riksveg 52 Hemsedalsfjellet

Snø og isdekke og glatt nokre stader på grunn av snøfokk. Klokka 05.45 var det minus 6 grader, laber bris og opphaldsvêr.

Fylkesveg 50 Hol – Aurland

Snø og isdekke. Klokka 04.00 var det minus 3 grader, frisk bris og lette snøbyer.

Fylkesveg 53 Tyin – Årdal

Steng på grunn av uvêr.

Artikkeltags