Ventar fleire straumbrot - har kalla ut ekstra mannskap

TATT AV VINDEN: Høgspentmasta mellom Vik og Vangsnes for overende i stormen. (Foto: Anders Dregelid)

TATT AV VINDEN: Høgspentmasta mellom Vik og Vangsnes for overende i stormen. (Foto: Anders Dregelid)

Av
DEL

Sognekraft har fredag ettermiddag auka beredskapen, og kalla ut ekstra mannskapsstyrkar for å vera klare til å reparera feil og skadar så snart dei oppstår.

 

Høgspentmast fall

Kl. 10:45 fredag føremiddag melde Sognekraft at straumen var vekke på Vangsnes fordi ei stor osp hadde velta over kraftlinja. Ei såkalla H-mast var slegen i bakken.Men mannskapet jobba på, og ein times tid seinare kom meldinga om at dei hadde retta feilen og at straumen no er attende på Vangsnes.- Overmontør Oddvar Grønsberg fekk jekka opp att H-masta mellom Vik og Vangsnes på rekordtid, skriv Sognekraft på Facebook.

Dårlege meldingar

Men om straumen er tilbake mellom Vik og Vangsnes, så ventar kraftselskapet at det kjem fleire straumbrot.- Vêrmeldingane utover fredagen lovar diverre ikkje det beste, så straumkundar gjer klokt i å bu seg på at det kan verta straumbrot også andre stader.Dei oppmodar folk om å melda frå om forhold kraftselskapet burde kjenna til.

Artikkeltags