Stengjer to fylkesvegar grunna rasfare

Av

Store nedbørsmengder kjem inn over Vestlandet.

DEL

Det er venta store nedbørsmengder frå laurdag kveld, og det er sendt ut fleire farevarsel.På 24 timar kan det lokalt koma opp mot 100 mm regn.Fv. 331 Urnes-Skjolden og fv. 92 Arnafjord-Vik blir stengde frå klokka 22 laurdag grunna fare for ras.Vegtrafikksentralen vil vurdera klokka 08 søndag om vegane skal opnast att.Fv. 55 Sognefjellet blir nattestengt natt til søndag.For midtre og indre delar av fylket er det sendt ut jordskredvarsel på oransje nivå.Folk blir oppmoda om å halda seg oppdaterte om utviklinga av vêret, skred- og flaumsituasjonen, og følga vêrradaren.Ein må halda seg unna bratte skråningar, samt bekker og elveløp med stor vassføring. Varselet inneber at beredskapsstyresmakter skal vurdera fortløpande behov for beredskap og førebyggande tiltak.

Artikkeltags