Manuell dirigering på E16 mellom Voss og Bergen

Av

E16 ved Bolstad er open med manuell dirigering.

DEL

E16 mellom Voss og Bergen har vore stengd i mange timar grunna fleire ras ved Bolstad i natt. Torsdag ettermiddag er det manuell dirigering på staden grunna oppryddingsarbeid.Rasa gjekk som følgje av det kraftig uvêret onsdag kveld og natt til torsdag.Også omkøyringsvegen, fylkesveg 314, mellom Dale og Hamlagrø er stengd på grunn av skred i Bergsdalen. Her er geoteknikar og geolog på veg for å vurdera kva tid vegen kan opnast att, melder Vegtrafikksentralen klokka 12.35.Fylkesveg 7 mellom Granvin og Folkedal har også vore stengd i natt på grunn av skredfaren. Den vart opna for kolonnekøyring klokka 07.00.

Artikkeltags