Framleis vindfullt og fare for dårleg sikt på fjellovergangane

Det er vinterlege forhold på fjellovergangane, her frå Hemsedalsfjellet. (Foto: Statens vegvesen)

Det er vinterlege forhold på fjellovergangane, her frå Hemsedalsfjellet. (Foto: Statens vegvesen)

Av
DEL

Det har vore vindfullt i høgfjellet dei siste dagane, og yr.no melder at det framleis vil blåsa storm i fjellet torsdag morgon.Rv. 13 Vikafjellet er stengt grunna uvêr og opprydningsarbeid. Det blir ny vurdering 13. desember klokka 12.På fv. 50 Hol-Aurland er det snø- og isdekke, snøføyke og stadvis redusert sikt. Det same gjeld fv. 53 Årdal-Tyin.På E16 Filefjell og riksveg 52 Hemsedalsfjellet er det opphaldsvêr, og snø- og isdekke på vegen.

Artikkeltags