Familie i Førde måtte rømma frå huset

Av
DEL

Ein familie i Haukedalen i Førde måtte i natt rømma frå huset sitt grunna uvêret, skriv Frida.Ifølgje politiet rann det ei elv over tunet og inn i kjellaren i bustadhuset. Familien evakuerte seg sjølve til ei hytte i nærleiken.Ellers skal ikkje politiet ha fått inn meldingar om alvorlege skadar som følgje av uvêret i Sogn og Fjordane i natt.

Stengde vegar

I Hordaland er fleire vegar stengde og eit hus i Kvam i Hardanger er evakuert grunna store vassmengder.E16 mellom Voss og Bergen er stengd etter eit ras ved Bolstad i natt. Vegen vil truleg vera stengd i mange timar, melder Vegtrafikksentralen.Fleire av omkøyringsvegane er òg stengde.

Artikkeltags