Kraftig nedbørsauke kan føra til mangedobling av vegstengingar

KAN VERTA DRAMATISK: - Det er snakk om ei mangedobling i talet på vegstengingar ved ei nedbørsauke på 10-20 prosent dei neste tiåra, og den auka er det nokså sikkert me får, seier Torbjørn Selseng, forskar ved Vestlandsforsking.

KAN VERTA DRAMATISK: - Det er snakk om ei mangedobling i talet på vegstengingar ved ei nedbørsauke på 10-20 prosent dei neste tiåra, og den auka er det nokså sikkert me får, seier Torbjørn Selseng, forskar ved Vestlandsforsking.

Av

- Kan spara milliardar på å ta klimarekninga no.

DEL

Forskarar fryktar mangedobling i talet på stengde vegar grunna klimaendringane. Ei løysing vil vera å satsa stort på førebygging.Det viser ein studie Vestlandsforsking og Menon Economics har gjort for Statens vegvesen.

Flaum og rasfare

- Det er snakk om ei mangedobling i talet på vegstengingar ved ei nedbørsauke på 10-20 prosent dei neste tiåra, og den auka er det nokså sikkert me får. Storskala klimatilpassing kan sjølvsagt hindre at ein kjem i denne situasjonen, og er det forskinga peiker på som ei viktig løysing, seier Torbjørn Selseng, forskar ved Vestlandsforsking.

- Kan verta dramatisk

Selseng seier at det er lett å tenkja at dersom nedbøren aukar med ti til tjue prosent, vil talet på flaumar auka med ti til tjue prosent, men slik er det ikkje. - Dersom alle grøftene, røyra og høgda på vegen er dimensjonerte for å tola dagens eller gårdagens nedbørsmengder, vil alle nedbørshendingar av ein viss storleik kunne føra til flaum i framtida, og då aukar raskt talet på hendingar med fleire hundre prosent i staden for ti til tjue prosent, seier Selseng og legg ikkje skjul på at endringa kan verta dramatisk. - Me veit frå før at vegane våre somme stader ligg utsett til. Då skal det ikkje mykje auke i nedbør, temperatur eller havnivåstiging til, før talet på potensielle skred eller flaum-hendingar skyt i vêret.

Kan endra seg

Han legg likevel til at det er mykje som kan endra på desse utsiktene. - Situasjonen på vegnettet avheng i stor grad av korleis me brukar vegen og arealet rundt. Dersom utbygging i stor skala skjer i områda rundt vegane, kan det påverka sårbarheita til vegen like mykje som klimaendringane. Samstundes er det uklart kva forhold me kjem til å ha til vegen om femti år. Truleg kjem trafikktalet til å auka i overskodeleg framtid, men transportsektoren skal omstillast slik som resten av samfunnet, så kanskje endrar bruken seg òg etter kvart, seier Selseng.

Lønsamt med førebygging

Den andre delen av studien gjekk ut på å utvikle metodar for å rekna ut kor mykje endringane i klimaet kjem til å kosta Statens vegvesen og samfunnet elles. Utrekningane har sett på kor mykje det kostar å reparera vegen etter ulike hendingar, kor mykje stengde vegar kostar samfunnet og kor mykje det hadde kosta å førebyggja. - Om det svarar seg å førebyggja avheng mellom anna av kva vi trur om kor ofte det vil gå skred som følgje av klimaendringane. Når ein reknar med alle kostnader som kjem av at folk ikkje kjem seg tidsnok til jobb og at varer og tenester vert forsinka på grunn av stengde vegar, i tillegg til reparasjonskostnadane, kan det bli klart lønsamt å førebyggja i fleire tilfelle, seier Øyvind Nystad Handberg, seniorøkonom i Menon Economics.

Høg prioritet

Sjefingeniør Gordana Petkovic, som leier arbeidet med klimatilpassing i Statens vegvesen, seier dette temaet har høg prioritet hjå dei.- Dette er viktig arbeid for klimatilpassing i Statens vegvesen. Me har behov for å greie ut og illustrere betydninga av å investere i tiltak tidsnok, framfor å ta imot farane som måtte koma og betale for påfølgjande skadar, seier ho i pressemeldinga.- I dette prosjektet har vi fokus på metodikk og på nødvendig kunnskapsgrunnlag for å gjennomføre ein slik analyse. Vi er nøgde med erfaringane og trur vi kan utvikle metodikken vidare slik at han kan brukast meir systematisk på heile vegnettet.

Artikkeltags