Regn og vindkast: - Kanskje like greitt å planlegga innehelg

REGN: -Kanskje best å planlegga ei innehelg, er meldinga frå meteorologane. (Illustrasjonsfoto)

REGN: -Kanskje best å planlegga ei innehelg, er meldinga frå meteorologane. (Illustrasjonsfoto)

Av

Du bør nyta det fine veret denne fredagen, for i helga blir det blautt.

DEL

Utover fredagen var det meldt stille og relativt kaldt vêr over heile Sogn, mange stader lovar varselet også sol.Laurdag, derimot, brakar det laust med store nedbørsmengder. Einskilde stader kan oppleva 100 millimeter regn i løpet av eitt døgn.Det er venta kraftige vindkast i Sogn og Fjordane, går det fram av farevarselet til yr. Frå natt til søndag og til laurdag føremiddag er det venta kraftig, sørleg vind med vindkast på 30-35 meter per sekund utsette stader. Det blir tilrådd å sikra lause gjenstandar og unngå unødvendig ferdsle utsette stader.Sjå oppdatert farevarsel på yr.no.I elles nokså nedførsfattige Lærdal er det til dømes meldt opp mot 17 milliometer i løpet av nokre timar laurdag ettermiddag, i Sogndal blir det mykje det same. I same tidsrom kan årdølene venta seg bortimot 20 millimeter.- Spesielt laurdag blir det vått og vindfullt mange stader. Kanskje like grett å planlegge for ei innehelg, er oppmodinga.NVE har førebels ikkje auka farevarselet for flaum-og jordskred, men melder om at faren for snøras aukar,spesielt i området rundt Voss og Indre Fjordane i nye Vestland fylke.- Det blir dårleg turvér, seier snøskredvakt Tommy Skårholen i NVE til NRK.- Det blir nok for spesielt interesserte.

Artikkeltags