Bu deg på meir styggevêr: Orkan og storm på veg til Vestlandet

Det blir melde om mykje dårleg vêr tysdag og onsdag, særleg på kysten og i fjella med auking til særleg sterk kuling. Tysdag ettermiddag blir det mykje nedbør. (Foto: Meteorologane/Twitter)

Det blir melde om mykje dårleg vêr tysdag og onsdag, særleg på kysten og i fjella med auking til særleg sterk kuling. Tysdag ettermiddag blir det mykje nedbør. (Foto: Meteorologane/Twitter)

Av

Nok ei veke med mykje vêr.

DEL

Det blir melde om mykje dårleg vêr tysdag og onsdag, særleg på kysten og i fjella med auking til særleg sterk kuling. Tysdag ettermiddag blir det mykje nedbør, melder metereologane. - Det er storskala lavtrykk i vente med eit stort og kraftig vindfelt. Det er venta auke til full storm utsatte stadar, og kjem ein høgt til fjells vil det blæsa veldig godt. På dei høgste toppane i dei inste strøka kan det koma opp mot full storm, elles ligg det mykje på sterk kuling, seier Lars Anderas Fellberg, vakthavande hjå metereologane.NVE har også sendt ut oransje snøskredvarsel i Indre Sogn onsdag.- Ver forsiktig i bratt terreng med fersk fokksnø først på dagen. Stigande temperatur og regn gir fare for våte skred frå seint ettermiddag.I fjellet i Sør-Norge blir det melde om sørvest brist, men liten kuling utsatte stadar. I ettermiddag blir det aukande vind, liten storm utsatte stadar i høgfjellet. Frå seint ettermiddag er det venta snø eller sludd frå vest, seinare regn. Les også: Vikafjellet blir truleg stengd i kveld grunna sterk vind

Artikkeltags