Varslar nytt uvêr: - Ventar opp mot 100 mm nedbør søndag

VEROMSLAG: Søndag startar med snø, men det vil i løpet av dagen gå over til regn også i høgareliggjande strok. (Arkivfoto)

VEROMSLAG: Søndag startar med snø, men det vil i løpet av dagen gå over til regn også i høgareliggjande strok. (Arkivfoto)

Av

No kjem lågtrykka på løpande band.

DEL

Laurdag baud på eit glimt av godvêr, men den neste vinterstormen kjem allereie søndag.Yr og NVE melder om store nedbørsmengder og jordskredfare på gult nivå. Frå søndag natt til måndag natt er det venta lokalt opp mot 70-100 mm nedbør i Vestland fylke. Vinden kjem frå sør, dreier på sørvest, og når opp i sterk kuling på kysten, kanskje storm ved Stad.- Om det kjem mest i indre eller ytre strok, er vanskeleg å seia. Ein kjem nok til å merka det godt i indre Sogn også. Det vil koma ein god del nedbør - det byrjar som snø og sludd i indre og lågareliggande strok, men går fort over til regn, seier vakthavande ved Vervarslinga på Vestlandet, Kristen Gislefoss.Relativt høge temperaturar og mykje vind vil føra til stor snøsmelting. Snøgrensa vil i løpet av dagen stiga til 800-1000 meter over havet. NVE har sett varselet til gult nivå, det lågaste farevarselet, og ventar at det kan forekomma jordskred og sørpeskred.Meteorologane har ikkje mykje positivt å seia om vêret framover. Fredag melde dei at heile 13 lågtrykk kjem inn over Noreg i løpet av dei neste ti dagane. Det betyr mykje skiftande vêr, særleg i vest og i nord.- Komande veke blir nok prega av nedbør og mildvêr. Me ser ikkje noko vinterleg og kaldt vêr i næraste framtid, seier Gislefoss.

Artikkeltags