Ingen alvorlege uvêrshendingar i Sogn natt til søndag

Av
DEL

Vest politidistrikt har ikkje fått inn meldingar om alvorlege uvêrshendingar i Sogn i løpet av natt til søndag.Operasjonssentralen opplyser at ein politipatrulje tok turen til Luster for å sjå korleis tilhøva var i Møkridselva.Dei rapporterte like over midnatt at det regna godt, elva var stor, men gjekk ikkje over sine breidder.Utover dagen er det venta mykje nedbør og sterke vindkast, og det er framleis oransje farevarsel om flaum og jordskredfare.

Artikkeltags