Slutt på varsel om vanskelege køyretilhøve

Av
DEL

Frå fredag 1. november vil Meteorologisk Institutt byrja å senda farevarsel for is og farevarsel for snøfokk. Farevarsel for "vanskelege køyretilhøve" blir fasa ut, skriv Meteorologisk institutt i ei pressemelding.Grunnen til at vanskelege køyretilhøve blir fasa ut er at dette farevarselet er ein konsekvens av farevarselet for is og snøfokk, og Meteorologisk institutt skal ha fokus på å varsla fenomen, til dømes snø, vind, regn, regnbyer og så vidare.Farevarselet for vanskelege køyretilhøve har også hatt eit subjektivt preg, som har gjort det vanskeleg å standardisera og verifisera farevarsla.

Artikkeltags