Ras og flaum førte til stengde vegar laurdag

Det er snødekke på Sognefjellet søndag morgon og fjellovergangen er stengd. (Foto: Statens vegvesen)

Det er snødekke på Sognefjellet søndag morgon og fjellovergangen er stengd. (Foto: Statens vegvesen)

Av
DEL

E39 vart i 22-tida laurdag kveld stengd ved Vassenden i Jølster grunna ras og flaum. Ingen bilar vart tekne av raset.Riksveg 5 vart stengd ved Kjøsnes grunna flaum og fare for ras. Her opna vegen att natt til søndag.Fv. 55 Sognefjellet er stengt søndag grunna uvêr.Fleire fylkesvegar vart tidlegare laurdag stengde grunna rasfare. Det gjeld fv. 331 Urnes-Skjolden og fv. 92 Vik-Arnafjorden, samt fv. 609 mellom Askvoll og Førde og fv. 8 Åkre.E16 er stengd ved Bolstadøyri grunna rasfare. Søndag morgon vart vegen opna med manuell dirigering og ledebil, men vegen kan bli stengd att på kort varsel.Fv. 691 Gjengedal-Aa, og fv. 615 ved Tjøtaelva i Gloppen vart stengde grunna flaum.Oppdaterte vegmeldingar finn du her.

Artikkeltags