Stor snøskredfare i helga

FARE FOR SKRED: På Togga i Sogndal gjekk det snøskred i februar 2017. (Arkivfoto)

FARE FOR SKRED: På Togga i Sogndal gjekk det snøskred i februar 2017. (Arkivfoto)

Av

Høge temperaturar og regn høgt til fjells vil føra til stor snøskredfare i fleire landsdelar i helga.

DEL

Store deler av Vestlandet er mest utsett når lågtrykka står i kø, skriv Noregs vassdrags og energidirektorat (NVE) i ei pressemelding.

Mildvêr

Mykje regn og høgare temperaturar fører til at snødekket blir tyngre og stabiliteten minkar. Resultatet er at det forventast å gå store våte snøskred. Enkelte vegar og infrastruktur med kjent snøskredproblematikk kan vera utsett.Det kan bli verst i varslingsregionen Indre Fjordane som får uvêret allereie på laurdag.I Indre Sogn kjem, hovudtrykket av det dårlege vêret inn på søndag. I Sogn vil snøskredfara auka til 4-stor.

Unngå skredterreng

Vaktleiar i Snøskredavdelinga Tommy Skårholen anbefaler alle å halda seg unna skredterreng medan uvêret står på.- For den spesielt interesserte er det berre å dra ut på tur. Vel då ein enkel tur utan skredterreng og der du slepp å tenkja på navigering. Sikta blir nødvendigvis ikkje den beste. Ta gjerne på deg skikkeleg godt regntøy, seier Skårholen.Det vert publisert ferske skredvarsel på varsom.no kvar dag klokka 15.45.

Artikkeltags