Det er ein ny hektisk dag for brøytemannskapa i Vestland etter det kraftige snøvêret dei siste dagane.
Stengt
Fv. 50 mellom Hol og Aurland blei først stengt måndag kveld på grunn av bilberging i Vestredalen. Vegen blei opna att i løpet av natta, men klokka 05.30 tvitra vegvesenet at dei måtte stenga igjen på grunn av det dårlege vêret.
Det same gjeld Fv. 53 Tyin – Årdal.
Snø- og isdekke
Av fjellovergangane mellom aust og vest er E16 Filefjell og Rv. 52 Hemsedalsfjellet opne for normal trafikk tysdag morgon. På Filefjell er det snø- og isdekke, somme stader redusert sikt. Klokka 05.00 var det minus 8 grader, frisk bris og snøbyer.
På Hemsedalsfjellet kan det vera glatt i vegbana og somme stader redusert sikt.
Store køyretøy bør bruka kjetting
Rv. 5 ved Frudalstunnelen mellom Sogndal og Jølster fekk eit vogntog stans måndag. Tysdag blir det melde om stort sett snø- og isdekke på vegen, som er open for normal trafikk.
På Vikafjellet er det mykje snø- og isdekke. Store køyretøy blir oppmoda om å bruka kjetting. Her blir det melde om minus 7 grader, lett bris og lette snøbyer.
Like over klokka 11 tysdag, varsla vegtrafikksentralen om at det er kolonnekøyring på fjellovergangen.
Mykje snø på vegane og fare for glatte parti

Kommentarer til denne saken