Gå til sidens hovedinnhold

Uvêr i fjellet – brøytemannskapa slit med å halda unna snøen

Artikkelen er over 1 år gammel

Vegtrafikksentralen Vest melder like før 06.30 tysdag morgon at det er vanskelege køyreforhold på fleire fjellovergangar.

På E16 Filefjell og Fv 53 Tyin-Årdal er det kraftig snøvêr.

Brøytemannskapa slit med å halda vegen køyrbar, og oppmodar alle om å vera merksame og køyra etter forholda.

Slik er stoda elles på fjellovergangane tysdag morgon:

E16 Filefjell

Snø- og isdekke, fare for glatte parti. Klokka 05:45 var det -2 grader, lett bris og kraftig snø.

Rv. 7 Hardangervidda

Stort sett snø- og isdekke. Klokka 05:10 var det 0 grader, frisk bris, skya og middels snø.

Rv. 13 Vikafjellet

Snø- og isdekke. Klokka 05:00 var det 0 grader, frisk bris og snøbyger.

Rv. 15 Strynefjellet

Vekslande snø- og isdekke, redusert sikt og vanskelige køyreforhold. Fare for elg. Klokka 05:45 var det 1 grad, sør-vestlig laber bris og middels sluddbyger.

Rv. 52 Hemsedalsfjellet

Snø- og isdekke. Klokka 05:00 var det var det 0 grader svak vind og lett snø.

Gjelder fra: 24.11.2020 kl. 05:20 Gjelder til: Inntil videre

Fv. 53 Tyin - Årdal

Snø- og isdekke, fare for glatte parti. Klokka 05:45 var det -1 grad, svak vind og kraftig snø.

Fv. 55 Sognefjellet

Vinterstengt.

Fv. 60 Utvikfjellet, på strekninga Byrkjelo - Stryn

Berr veg og vått.

Lurt å sjekka kva som føregår av vegarbeid om du skal ut på tur

Kommentarer til denne saken