Uvêr: Fleire fjellovergangar er stengde

UVÊR: slik ser det ut på Vikafjell ved Hola bom klokka 06.09 i dag, onsdag.

UVÊR: slik ser det ut på Vikafjell ved Hola bom klokka 06.09 i dag, onsdag. Foto:

DEL

Vikafjellet er stengt grunna uvêr. Det skal gjerast vurdering om opning på torsdag klokka 16.00.

Hol – Aurland er stengt grunna uvêr.

Årdal – Tyin er stengt er stengt grunna uvêr.

Hardangervidda er stengt.

På Haukelifjell er det kolonnekøyring.

Hemsedalsfjellet er ope. Store køyretøy bør bruka kjetting, ifølgje Vegvesenet. Det er stort sett snø- og isdekke, og somme stader redusert sikt. Klokka 08.00 var det minus 2 grader, frisk bris og lette snøbyer. Kolonnekøyring kan innførast på kort varsel.

Filefjellet er ope. Her er det snø- og isdekke. Klokka 06.00 var det 0 grader, frisk bris og snøbyer.

På Strynefjellet er det kolonnekøyring. Her der det vekslande snø- og isdekke, tynn is og fare for glatte parti. Klokka 05.50 var det 0 grader, søraustleg frisk bris, skya og snøbyer.

DÅRLEG SIKT: Bilete er frå Vikafjell ved Vossadalen i dag klokka 05.55.

DÅRLEG SIKT: Bilete er frå Vikafjell ved Vossadalen i dag klokka 05.55. Foto:


Artikkeltags