Det vart to bruksforbod, fem gebyr og ei politimelding då Statens vegvesen heldt kontroll for store køyretøy i Håbakken i Lærdal søndag ettermiddag og kveld. Dette skriv kontrollørane om dei ulike feila og manglane:

«Ein førar i eit vogntog blir meldt til politiet for å køyra med anna person sitt sjåførkort i fartsskrivaren då han vart stoppa i kontroll på Håbakken. I tillegg fekk trekkvogna teknisk mangel grunna sprekk i frontrute. Det blei også sendt rapport til skatt grunna manglande betaling av vektårsavgift.

Ein lastebil var overlasta på framaksling og transportføretaket fekk eit overlastgebyr på 3800 kroner for dette. I tillegg var det montert utstyr framme på lastebilen som dekka over registreringsskilt. Førar fekk eit trafikkgebyr på 3000 kroner for dette. Skiltet måtte monterast synleg framme før vidare køyring.

Ein førar i ein lastebil fekk trafikkgebyr for å køyra med utslitne dekk og for ikkje å ha med seg vognkort. Køyretøyet fekk teknisk mangel grunna slitne dekk.

Tilhengjaren i eit vogntog fekk køyreforbod og teknisk mangel grunna skeive bremser.

Eit transportfirma som nytta ein buss fekk 8000 kroner i trafikkgebyr for ikkje å ha lovpålagt bombrikkeavtale på køyretøyet.»