Gå til sidens hovedinnhold

Utset oppstart av vegarbeid til midnatt

Tunnelarbeidet på E16 i Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen er utsett til midnatt måndag kveld. Vegtrafikksentralen melder at arbeidet måndag kveld ikkje startar før klokka 24. Årsaka er påskeheimfarten, og det dårlege vêret i fjellet.

Frå og med tysdag 6. april går vegarbeidet som normalt. Då gjeld følgjande melding:

Redusert framkome på grunn av vedlikehaldsarbeid i periodane: Måndag til fredag, og søndag, frå 22:00 til 06:00 (neste dag). Ventetid ca. 90 minutt. Utrykkingskøyretøy kan passera.

Kolonne frå Flåm: kl. 22:45,00:15,01:45, 03:15 og 04:45. Frå Gudvangen kl. 23:30, 01:00, 02:30, 04:00 og 05:30.

Kommentarer til denne saken