Fredag ettermiddag rykte naudetatar ut etter melding om brann i eit bygg på Kjos på Hafslo i Luster.

Vest politidistrikt fekk melding om brannen klokka 14.48.

Det er snakk om ein brann i 2. etasje i bygningen. 110 Vest opplyser at mannskap er kome til staden og at dei er midt i aksjonen klokka 15. Det skal vera full overtenning i huset.

Kom seg ut

Mannskapet som kom fram først har opplyst at dei personane som skal ha vore i bygget kom seg ut og at det etter det 110 Vest veit ikkje skal vera att folk inne. Mannskap frå fleire stasjonar er på veg til staden, opplyser dei vidare.

Klokka 15.12 melder politiet at personane som var i huset skal vera evakuerte og at det ikkje er meldt på personskader pr. no.

I 16-tida slår brannvesenet fast at huset ikkje vil kunne bergast. Men det skal derimot ikkje vera fare for at brannen spreiser seg vidare, då det er god avstand til næraste nabohus.