Utforkøyring på glatt veg- førar lettare skadd

DEL

Klokka 22.52 fredag fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrt utfor vegen på fv53 Midnes i Årdal.

Vest politidistrikt melde på Twitter at føraren var åleine i bilen, skal vera medviten og kanskje lettare skadd.

– Det var ei singelulukke 200 meter frå tunnelopninga på Midnestunnelen, retning Årdalstangen. Det var ein person i bilen som har fått helsehjelp, seier Morten Rebnord, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Han seier patruljen på staden rapporterer om glatt føre på ulukkesstaden.

– Førar har forklart at han fekk sleng på bilen og køyrde ut. Det er meldt om skader i frontpartiet på bilen. Føraren vart lettare skadd i ei hand.

Operasjonsleiaren opplyser at alle naudetatar har vore på staden.

Artikkeltags